torsdag 27. januar 2011

A fortnight i ein volsom fart


Oi, skal sei. No har eg faktisk forsømt bloggen i to veker. Har eg vore på ein 2-vekers sydentur kanskje? I wish. Nei, det er nok berre Masfjorden sin latskap som har slått innover meg, særs hardt. Eg har rett og slett blitt ein smule tiltakslaus. Og når ein blandar dette med ein god del rangling i helgene (og litt i vekene), då blir det ikkje så bra. Mykje har blitt forsømt utanom bloggen, til dømes å rydde i kjøleskapet. Men i dag slo plutseleg energien inn over meg, og eg fekk rydda kjøkenet skinnande reint, vaska kle, rydda i kjøleskapet og laga vaflar (type litt sunn med mykje havregryn). Så når eg har vore ute og sprunge, skal eg leggje meg vel vitande om at eg har gjort noko nyttig for meg. Kanskje er dette ein heilt vanleg dag for deg, det kan godt vere, og då skal du få smile og vere godt nøgd med det.

Masfjorden har byrja å vise seg frå ei særs fin side. I går vart årets første bål brent, og det var flotte greier. Det har vore sol og is på fjorden, og då er det ikkje mange plassane eg veit om som er finare, sånn bortsett frå Balestrand sjølvsagt. Ok, eg skriv om vêret, men så det er faktisk noko av det mest spanande her ute, det vêret. Sånn er det å bu på bygda. Då går ein og håpar på sol og isfrie vegar.

Mange lurar på korleis det er å bu her ute, langt ute i ei bygd utan noko som helst å finne på utanom det ein finn på sjølv. Eg skal innrømme at det blir nokre dryge dagar. Men det er så mange fine òg. Første dagen eg kom inn i leiligheta etter jobb, hugsar eg at eg tenkte at eg måtte ete i ein fart og gjere meg klar til å gjere neste ting på lista. Men då kunne eg berre senke skuldrene, for det var jo faktisk ingen ting eg måtte gjere. Og sånn er det kvar dag, hehe. Eg tenkjer som så at ein dag kjem eg til å sakne dette, når eg plutseleg har aalt for mykje å gjere på. Så eg skal nyte og nyte. Og vere mykje ute når det byrjar å bli enda meir vår.

I dag, etter gymmen, åt vi raspeballar på den lokale kaféen. Det kunne nok vore betre, men så er eg ikkje den heilt store raspeballentusiasten heller.


Torsdagane er yndlingsdagen her i Masfjorden. Då er det halv dag på institutt, og så har vi gym med 5-7 klasse på den lokale skulen. Dei diggar oss, vi diggar dei, og alt er i grunn berre fryd og gammen. Blir full av energi og glede, og det kjem godt med til siste innspurt før helga. Så folkens, eg likar å jobbe med born! No er det sagt!

Så eg er i live, eg har det bra, og eg får lært eit eller anna nytt kvar dag. Det er spanande å leve!

1 kommentar:

Kristin sa...

Hei sann!
Hugser du at du kanskje ville komme på besøk til oss ein dag etter at du kom til Masfjorden?
Har du framleis lyst?
Kortid passer det best for deg, og
Har du bil, så du kan kjøre hit sjølv?
Klem Kristin:)