onsdag 29. desember 2010

Barbieklar for skisesongen

Med to nye tilskot til garderoben min i kategorien alpinutstyr, så er eg klar for både raude, blå og svarte skibakkar. Med mi rosa jakke, mine rosa briller og mine knall gule slalomski, kan det på ingen måte slå feil. Eg vil i alle fall bli lett å finne av røde kors. Brillene fekk eg forresten til jul, og dei var det pappa som velde ut, for dei syns han var finast.


Her er eg, godt plassert i gangen mellom ein haug av klenodiar, klar som eit egg til å stå på ski. Men først er det nyttårsleir på Raknestunet. Det har eg trua på! Sjølv om eg går glipp av ein pinnekjøttmiddag her heime, men det får eg heller ta igjen seinare.

Godt nyttår på førehand!

Ingen kommentarer: