søndag 14. november 2010

BergenOsloBergen

Søndag er ein bloggdag. Då har ein plutseleg tid til sånne ting. Det er liksom betre å gjere det enn å sitje og grue seg til at enda ei helg er over. For sånn er det litt når ein har hatt ei så god helg som eg har hatt no.

Torsdag sto eg brått på Gardermoen, og ikkje lenge etterpå var eg godt på plass i leiligheta til Martine og Karen Marit, som forresten er ei utruleg koseleg leilighet. Men det er ikkje rart når det er dei som bur der.

Oslo er fantastisk på sine måtar. Misjonssalen viste seg frå si beste side, både innhaldsmessig og med alle dei fantastiske folka eg fekk sjå att. Tenk at eg er signa med så mange gode folk i livet mitt.

Merkar at ord blir fattige her.

Etter ei solid rangleøkt så toga eg attende til Bergen i dag tidleg. Back to reality, til ei ny veke. Men når veka startar med korøving, så går livet 1000 gongar mykje lettare. Spesielt når det er ei til der som heiter Astrid som er kjempemorosam. Og så utanom koret så er det berre å halde hovudet over vatnet og hugse på at eksamenstid = snart juleferie.

Phu!

Ingen kommentarer: