mandag 6. september 2010

Gaute vs Salem

Studielånet lar vente på seg, og eg lever enno eit tilvære utan nye joggesko. Og utan vaskepulver for kvite klede, tøymjuknar og det store utvalet i middagsmat. Men livet rullar og går likevel, og når det til og med er sol her i Bergen, då går det fint om ein ikkje har så mange reine kvite klede. Men noko godt må ein unne seg. Biletet under visar mine tre favorittar for tida. Ikkje berre smakar dei godt, men dei matchar fargemessig, så det er ein fryd å handle dei saman. Grandiosaen har nøkkelhull, så den er nesten sunn. Sjokomelk er godt etter trening (protein og karbohydrat, anbefalt på NIH faktisk!). Den gule nugattiboksen er den nyaste typen nugatti, og den smakar smash, altså himmelsk. Med den i skapet, har eg no tre ulike nugattitypar å velje mellom, og det kan ein like. Løp og kjøp!


For dei som har sett på kalendaren i dag, så har dei kanskje fått med seg at det jammen meg er måndag igjen, og starten på ei ny, frisk veke. Helga vart ei ladehelg i Balestrand med Per Inge og alt det andre perla i Sognefjorden kan by på. Ingen ting er som å vakne ein mandags morgon og kjenne seg utkvilt og klar for ei ny veke. Men idyllen varte ikkje lenge, for i ettermiddag måtte eg gjere eit særs vanskeleg val. Korleis skulle eg tilbringe kvelden? (Her kjem altså overskrifta inn.) Det sto mellom 4-stjerners reise på TvNorge og Fellesskapet i Salem. Vanlegvis er det ikkje så krise om eg får med meg det fjernsynsprogrammet eller ikkje, men i dag var det litt kritisk, for i dag var nemleg sjølvaste Gaute Ormåsen gjest. Og sidan det ikkje er kvardagskost, så freista det veldig. Men eg tok til fornuft og sykla til Salem, noko eg ikkje angrar på. Eg kan ikkje tenkje meg noko betre start på veka enn bøn, lovsong, fellesskap og ikkje minst gratis kveldsmat. (Ok, ein kan leggje litt småpengar oppi ei skål, men det har eg ikkje hatt med meg til no). Ja, det slår faktisk ein liten time med Gaute på sykkelferie. Og skulle det bli krise, så går det sikkert an å sjå Gaute på nett-tv mot ein billeg penge. Men eg trur i grunn ikkje det blir krise.

På skulen går dagane med til å rette opp att inntrykket eg gav om meg sjølv dei første dagane. Der klarte eg nemleg å gje inntrykk om at eg haddde konstant munndiarè, sveitte hender og mange meiningar om det meste. Sånn blir eg når eg blir nervøs nemleg. No har eg klart å senke skuldrene, og eg nyt skuledagane med låg puls, akkurat passe å seie og litt færre meiningar om det meste. Eg ligg bakpå som ein seier i musikkspråket. Og der er det godt å liggje. Og der kan ein få liggje når ting ligg til rette for det, til dømes med ein klasse full av inkluderande folk, ei leilighet med venninner som er kjempeglade for å sjå deg att når du kjem heim frå skulen og vil høyre om dagen din, eller ein kjærast som ein kan ringe berre for å fortelje kva ein har kjøpt til middag.

Ja, eg veit at eg har lova dykk gull og grøne skogar og bilete frå Paris. Eg trur eg skal ta dei fram når det blir mørkt ute og eg har lyst til å kose meg med gode minner.

No sit eg og høyrer på Magnet og ventar på at eg skal bli trøytt. Skulen brakar laus klokka 08.15 i morgon. Eg smilar, og kjenner at det er godt å leve.

Ingen kommentarer: