onsdag 18. august 2010

Ikkje Paris, men Bergen

Jada, jada, eg lova dykk ein innlegg om Paristuren, og det kjem, men akkurat no vil eg skrive litt om Bergen. Eg har no snart hatt fire dagar i bydn (som strilane seier), og det er vel i grunn ingen ting å klage på. For det skal vere sagt, at Bergen er ein flott by. Den trange 21-bussen i Oslo er bytta ut med ein nydeleg, kort skuleveg omkransa av søte murhus med hage. Og når eg kjem heim frå skulen, er det ikkje til ei stor blokk, men til eit søtt gamalt hus som luktar heim. Og dei som møtar meg når eg kjem heim, er tre av dei søtaste jentene som verda har sett. 

Noko av det eg likar best med Bergen er at alt er i gang/sykkelavstand. Eg kan gå på skulevegen og peike på kvar folk bur, i staden for å berre kunne peike ut kva t-bane som går i riktig retning. (Ok, no vart det kanskje litt vel mykje Oslo-hets. Bær over med meg.) Pappa skal fikse og trikse litt med ein sykkel vi har hatt ståande i garasjen ei stund, og viss eg får med meg den inn, nei, då blir livet lyst. 

På mandag var ei lang tid fylt med litt for mykje spenning endeleg over. Eg fekk orientert meg ned på HiB der eg fekk møte mine nye medstudentar (som det heiter på fint). Til trass for ekstreme mengar nervøs-babling frå mi side (sjå tidlegare innlegg om Christian Ingebrigtsen), trur eg at eg har klart å vise meg frå ei ok side. Uansett om eg har klart det eller ikkje, så trur eg at eg skal kome meg heilskinna gjennom dette her, for det viste seg at eg har kome inn i ein veldig koseleg klasse. Mange sogningar, og det kan vi like. Studieopplegget er ganske annleis enn i Oslo, og eg føler meg litt lost til tider, men det høyrer vel med. No nyt eg berre nokre dagar med lesefri, medan eg ventar på at pensumlitteraturen skal dumpe ned i postkassa. 

I leiligheta har vi innført eit nytt omgrep som eg likar godt, nemleg "FRÅTSETIIID!". Dette uttalast høgt og lyst med austlandsdialekt. FRÅTSETID!! er når ein rett og slett skal kose seg med til dømes mykje sjokolade. Eg likar fråtsetid. Og ettermiddagar når vi blir sitjande og sjå på alle dei rare tinga ein kan kjøpe på nyttig.no eller på tv-shop. Der sel dei forresten utruleg mykje spanande! 

Forresten, så vil eg ikkje anbefale nokon, ikkje ein gong min verste fiende, å gjere noko som eg gjorde i lunchen i dag. Då hadde eg, som vanleg, makrell i tomat på tube som eg skulle ha på mine heimebaka, eg skriv det igjen; heimebaka, rundstykker. Tuben hadde i løpet av veka blitt ganske flat, og makrellen song litt på siste verset. Men eg hadde eit rundtstykke att, og ville ha makrell i tomat på dette. Så eg såg rett inn i opninga på tuben for å sjå om eg kunne klare å trykke noko meir ut. Det klarte eg, og det hamna både på buksa og t-skjorta mi og i håret mitt. Så no sit eg her og kjenner at det frå tid til anna ei bølgje med fiskelukt frå meg sjølv. Deilig. Var sikkert deilig for dei som sat rundt meg i timen òg. 

Men nok om tomat og makrell, og heimebaka rundstykker. Sola skin, og eg vil gjerne ha litt sol på skrotten, så det er vel på tide å kome seg ut. 

2 kommentarer:

Anonym sa...

If any of you are currently operating websites and you need web traffic, and you still haven't figured out how to get it, a short conversation would fix that whole situation for you. That and a little xRumer service. We provide auto-submission services and more to webmasters of all types. Even if you're not selling online right now, which is only because you haven't learned how to yet, you can still start out with your own normal services you provide or job you do. Anyway, we just make sure you have unlimited backlinks at the end of the day.

Anonym sa...

Hey People

I wanted to share with you a very unique site I just came across teaching [url=http://www.kravmagabootcamp.com][b]Krav Maga[/b][/url] like they teach it in the Israeli Army (IDF) If you guys have seen the Discovery Channel TV Show called Fight Quest you would have seen their chief instructor Ran Nakash there featured on their [url=http://www.kravmagabootcamp.com][b]Krav Maga[/b][/url] episode. Anyways, let me know what you think. Is training via the internet something you would do?


cheers

Steve