Jaja, det er ikkje berre-berre å vere meg skal eg seie dykk. I dag har eg vondt i skuldra. Den er vridd og forslått, og det er ganske så synd på meg.
I natt tok eg nemleg opp att mine fantastiske nattlege aktivitetar etter ein lang pause. Det er nemleg sånn at når eg søv i nye seng, som eg har gjort no etter at eg flytta til Bergen, så plar eg sove ganske så godt. Og eg har sove godt, men i natt var det brått over. Snakka eg i søvne? Gjekk eg i søvne? Åt eg i søvne? Rydda eg rommet i søvne?
Nei, gjett litt til.
Eg stupte i søvne!
Eg vakna av at eg stupte med hovudet først ned i senga, og at armen/skuldra roterte innover så langt som den berre kunne. Det var vondt å vakne sånn. Og det var veldig rart å liggje som eg gjorde, med hovudet der som føttene eigentleg skal vere, med armen rotert innover og rumpa vendt opp mot taket.
Så der låg eg nokre sekund, berre for å ta inn over meg kva som faktisk hadde skjedd og for å kjenne etter om skuldra hadde kome ut av ledd. Det hadde den ikkje, heldigvis. Berre litt forslått.
Nei, så det er ikkje lett å vere meg.
Men om ikkje anna, så skal de få sjå eit bilete frå Paristuren. Her er det dokumentert at eg reiste Paris-Amsterdam-Stavanger-Bergen i onepiece. Behageleg!
Copyright: Ragnhild Sofie Kopperstad
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar