fredag 2. juli 2010

HiO i bilete:

Her skal eg gje dykk, kjære lesarar, litt inside information frå fysioterapeututdanninga på HiO. Bilete!

Her er ein av dei flotte middagane eg har ete på skulen. Dette er den siste eg åt, og den åt eg heilt aleine, fleire timar etter at eksamen var ferdig. Eg gjekk faktisk attende til skulen berre fordi eg var svolten og visste at det var billig middag. Som de ser er biletet litt dårleg nedst, og det er fartstriper på grunn av at eg prøvde å ta biletet utan at nokon såg det, altså eg måtte gjere det fort som svint.

Her er skapet mitt. Det var veldig lite taktisk av meg å ta dette skapet, då det var plassert rett foran inngangsdøra. Med andre ord var Astrid i truse det første folk såg då dei kom inn. Neste gong skal eg ta meg litt betre tid før eg vel plass.

Dette biletet er tatt i Sygnavegen 1, altså i Balestrand, nokre veker før min siste eksamen. Her eg les om foten, og eg hugsar at eg hadde ei veldig god leseøkt. Det er ikkje vanskeleg å finne roen i Balestrand!

Dette nydelege biletet viser då meg i dei nydelege disseksjonsfrakkane vi hadde på oss då vi øvde til anatomieksamen. At eg ikkje har håret i hestehale her er ganske ekkelt, men.. Ja.. Sånn kan det gå. Forresten så vil eg anbefale alle som skal ha disseksjon å prøve ut dei ulike storleikane i eingongshanskar før ein kjøpar ein stooor pakke. Mine var for små, så eg endte opp meg ein stor pakke eingongshanskar. Så viss nokon treng, gje meg ein lyd!

Her har vi tittelen på ein av dei flotte anatomikompendiuma som UiO har laga til oss. Eg tykkjer tittelen illustrerar veldig godt faget og læraren vi hadde. Innvikla.

Det er ikkje sjeldant ein finn gammal snus på lesesalpultane. Æsj.

Meg og min gode ven Skjelettet. Fast innslag i alle kollokviegrupper og leseøkter. Seier ikkje så mykje, er alltid samd med meg og har ingen intimgrenser. Står alltid i anatomisk utgangsstilling.

Eg breier meg på lesesalen nokre dagar før fysiologieksamen.

Dette er rett og slett berre ein teikning av ein finger som eg teikna i notatane mine og tykte vart ganske så fin.

Praksis! Høgdepunkt.

Ein viktig beskjed, skrive med sprittusj på dodøra til lesesalen.

Tittel på biletet: Hastverk er lastverk. Vegen mellom Domus Medica og busstoppet er til tider veldig gjørmete. Her er resultatet av ein springande Astrid over gjørmevegen for å rekkje ein buss som ho ikkje er rakk. Ingen buss, skitten bukse og sko. Med andre ord: Hastverk er lastverk.

Biletet er tatt i august. Eg starta med friskt mot! Pensumbøkene frå anatomi og fysiologi pluss ei hjelpebok, medisinsk ordbok, som er heilt genial. Lesinga dabba vel litt av med tida, men det gjekk no bra.

Takk for meg!

Ingen kommentarer: