mandag 10. mai 2010

Astrid gjer ting ho ikkje kan

Kanskje viss eg har på meg sånn treningsbadedrakt...?

I dag prøvde eg meg på stepping på Elixia. EasyStep vel å merke. Eg vurdere å gå rett på TotalStep, for eg har som vane å overvurdere både kondisjon og koordinasjon. Sidan TotalStep mest sannsynleg hadde involvert både blod, sveitte og tårer, var det godt at eg tok til takke med EasyStep som berre involverte sveitte. Instruktøren sa at det kanskje kunne bli litt vanskeleg, men at eg berre måtte prøve så godt eg kunne. Så godt eg kunne viste seg å vere ganske audmjukande, så eg tok til slutt med meg steppen, sette den fint på plass og gjekk med blikket i bakken ut døra. Eigentleg hadde eg lyst å gå med ein gong, men vi steppa til ein song frå Slumdog Millionaire, og sidan den var så kætsji, så måtte eg berre steppe (les: flakse, bakse) til den var ferdig.

I dag har eg for ein gong lært meg at eg ikkje har den store koordinasjonen. Nei, eg kunne aldri blitt den nye Latika eller Baby, sjølv om eg både titt og ofte kan få det for meg at eg kunne det. For å seie det sånn, så klarte eg å kløne meg til å dette av tredemølla, så der har du koordinasjon. Så no er det slutt på mine iherdige, men dårlege forsøk på å passe inn på dei oransje timane på Elixia. Eg skal halde meg til dei grøne, som er spinning og styrketimar. Vona er jo trass alt lysegrøn.

Ingen kommentarer: