tirsdag 15. desember 2009

Samfunnsbidrag


I dag har eg gitt blod. Eg har blodtype AB+. Det er ikkje berre-berre å skulle erstatte væsketap. Vatn er ekkelt når ein eigentleg ikkje føler at ein har behov for det. Eg fekk ein gymbag som takk for halvliteren eg gav. I tillegg fekk eg så mykje baguettar, brus, kjeks, frukt og kakao som eg kunne klare å stappe i meg. Og så fekk eg lese vekeblad. Bioingeniørane fann ut at eg har små jernlager, så eg må proppe i meg ein tablett kvar kveld som heiter Ferro-retard. Fint namn.

I morgon har eg massasjeeksamen. Eg er litt for blodfattig til å bli nervøs. Håpar eg ikkje er så trøytt i morgon, for eg er veldig gira på å stå. Viss ikkje... Så blir det jul likevel! Vinn-vinn situasjon.

Ingen kommentarer: