mandag 2. november 2009

God nok

Eg drøymer om ein menighet der ein kan kome som ein er. Der folk smiler til deg og er glad for å sjå deg. Der du aldri treng å vere redd for å kome aleine, for det er alltids nokon som set seg med deg. Etter møtet finn vi på noko kjekt saman i staden for å finne gjengen sin så fort som mogleg i fare for å bli gåande aleine. Jesus er i sentrum, for utan han kan vi ingen ting gjere. Ingen bryr seg om kva for klede du går med. Det er ikkje noko klasseskilje. Kva for vener du har betyr ingen ting. Ein får lov til å føle seg god nok og akseptert og at ein strekk til. Når ein pratar saman har ein meir å prate om enn vêret og den evige kjenner-du-rekka eller er-du-i-slekt-med-rekka.

Mange tankar gjekk gjennom hovudet mitt i helga, mellom anna dei over. Eg var på besøk på Sygna, hjarteheimen min. Der fekk eg slappe av, berre vere til. Frustrasjonar, forventningar og krav var på andre sida av landet. Kjensla av å ikkje strekke til fekk sleppe taket litt. For på Sygna, der fekk eg atter kjenne at eg strekk til, og det var godt. Eg fekk kjenne på det at eg er god nok og viktig. Og tru det eller ei - det er faktisk sånn det skal vere!

Til alle der ute: Du er god nok! Og Jesus er din styrke kvar dag.

1 kommentar:

Ellen Smenes sa...

du kan å få si det Astrid.