mandag 21. september 2009

Eg saknar Balestrand

Eg saknar dialekta, folka, lufta, fjella, stilla, roen, stemninga, det å kunne gå lang tur ein stjerneklar kveld utan å vere redd for noko. Eg saknar å sleppe å låse døra, å kjenne att folk på butikken, å sei hei til dei ein møter på gata, å blit sett pris på i samfunnet, å vakne til verdas vakraste utsikt. Eg saknar kjensla av å føle seg verkeleg heime ein plass.


Det er nesten som å ha kjærleikssorg. Det gjer i alle fall like vondt i hjartet.

Ingen kommentarer: