onsdag 30. september 2009

Blogging fordi Per Inge og Øyvind ser på fotballkamp

Eg tenkte på det her om dagen, at eg har lært utruleg mykje til å berre ha gått litt over ein månad på skulen. Det er mykje spanande, men til tider ting eg ikkje forstår bæret av.

Det går i CNS for tida. CNS er den kule forkortinga for central nervous system, sentralnervesystemet. Vi har ein forelesar som kan veldig mykje, men det er til tider litt vanskeleg å forstå samanhengen. Heldigvis så er læring ein prosess, så det skal nok gå betre etter kvart. Må berre lese litt. Og heldigvis er det spanande, ikkje minst relevant.


Eg har innsett at det nyttar ikkje med prøvebulimi lenger. Nei, no må det puggast og hugsast resten av det yrkesaktive livet eg har foran meg. Eg hadde nok prøvebumili på vidaregåande. Til dømes las eg veldig mykje historie, men eg hugsar ikkje eit kvekk. Eg veit kor tid verdskrigane var liksom, men det er vel stort sett det. Heldigvis finst det folk som kan ta seg av den kunnskapen, så kan eg heller ta meg av å behandle akslene deira når dei har lest for mykje.

Per Holck, kongen av anatomi, interessert i ryggen og lik

Her om dagen trudde eg at det var 18 forelesningar til vi var ferdig med anatomi, og det syns eg var eit rimeleg tal. Då fekk eg etterpå forklart at vi hadde 18 timar att av CNS. Heftig. Menneskets anatomi og sentralnervesystemet, here I come!

Elles går det mykje i eting for tida. Eg er heilt infernalsk (er det eit stygt ord?) godtesjuk for tida, og det er ikkje akkurat til hjelp at vi alltid har kake i hus. Metta feitt, sukk. Ikkje bra. Det legg seg i blodårene og rundt indre organ. Du kan sjå så tynn ut du berre vil, men viss du har feil kosthald så kan du vere skikkeleg feit innvendig. Det er skummelt, men sant. Vi lærar mykje nyttig på fysioterapistudiet. Visste du at i behandling av kolspasientar gir det mykje større resultat for dei å trene hard styrke (4 x maks) i staden for å gå? Det er på grunn av kva type muskelfiber ein aktiverar. Ok, eg skal stoppe der.

Nummerert listeEit fint illustrasjonsbilete som Herr Syltetøystrikk lett kunne har brukt i fysiologitimen

Ja, de skjønar vel kva det går i. Ein blir det ein studerar.

Ingen kommentarer: