torsdag 23. juli 2009

Barnerommet del 1

Eg held på å innreie "barnerommet". 


Her skal Karen Marit og eg sove om natta. For tida er det berre meg, men eg ligg der og gler meg til kveldsdrøs og andaktsbok. 

IKEA har tjent godt på meg denne veka, for å sei det sånn! Men ikkje alt har eg kjøpt nytt. Senga og fjørmadrassene fekk eg for til saman 900,- på finn.no. For eit genialt konsept finn er! Folk blir kvitt ting dei ikkje treng, og folk får ting dei treng til ein billig penge. Genialt genialt genialt!

Off, eg kunne vel kanskje ha reidd opp senga mi før eg tok bilete. Orsak, mamma!

Ingen kommentarer: