søndag 24. mai 2009

Ved rennande bekker

Ord kan liksom ikkje skildre kor godt eg har det for tida. Ikkje veit eg heilt kva som gjer at eg har det så bra heller, men det er godt å leve, det er sikkert!

Dei siste åra har eg ofte lagt meg i senga om kvelden med ein uro, med bekymringar for morgondagen sine utfordringar eller framtida. No er det lenge sidan eg har bekymra meg mykje for noko. Sjølvsagt er det utfordringar i kvardagen, men det er aldri noko som verkar uoverkommeleg.

Når det gjeld hausten er eg så trygg på at det kjem til å ordne seg same kva det måtte vere. Kanskje byrjar eg ikkje på rett studie, men kva gjer no det? Då er det jo berre å byrje på noko nytt og vite at ein er ei erfaring rikare.

Eg trur eg har forståt litt av dette med å ikkje uroe seg for morgondagen. Vi veit ikkje ein gong om vi får i morgon. Vi lagar planar i mange år fram i tid, og er så redd for å ikkje leve i Guds plan. Viss vi går vekk frå Guds plan er det ikkje noko problem for han i det heile å få oss inn på rett spor igjen. Vi menneske er så små i forhold til Gud, og han er så mektig. Så lenge vi ber om at han må leie oss så vil han gjere det. Kanskje får vi ikkje skrifta på veggen, men vi må berre stole på at Gud har kontroll. Vi er som støv og jord i forhold til Gud, vi er så små og liva våre er berre som ein augneblink. Ikkje tenk at viss du tar eit feilsteg, så er det ingen ting Gud kan gjere. Gud er allmektig! Allmektig.

Det er godt å ha det godt. Det er godt å ha folk rundt seg som er glad i deg og som kan rettleie deg viss ein gjer noko som ikkje er så bra. Høyr på folk som vil gje deg råd og rettleie deg, ikkje gå umiddelbart i forsvarsposisjon og avvis det dei seier. Ta ting i beste meining.

Eg er så takksam for året eg har fått ha her på Sygna. Riktig nok er det ein månad att, men eg merkar allereie nok at det byrjar å gå mot slutten. Gud har vore med meg heile vegen, det har eg fått erfare sjølv om eg ikkje alltid har vore like flink til å oppsøke han med bøn og bibel. Han sviktar aldri.

Igjen, takk, Gud! Takk for at eg kan ha det så godt.

Det er godt å leve ved rennande bekker.

3 kommentarer:

Karina sa...

Så kjekt å lese på bloggen din, Astrid! Og så bra å høre om alt som er bra! Du e flink te å trekke fram det positive, en flott egenskap! :) Det e så lett å glømme alt me har og får! Så takk for påminnelsen! Me glede oss forresten te å sjå deg igjen! Lenge si nå! :)

Martha Berit sa...

Amen, Astrid! Du e god!:)

Johanne Pauline sa...

Veldig fint å lese fra noen som skriver så åpent og ærlig om livet. Det er så sant alt du skriver!


Gratulerer med 1 års-jubileum forresten!;)