Dette spørsmålet har eg fått ein god del gongar, og eg veit ikkje kva eg skal svare. Viss eg prøvar, så endar det opp med at folk trur eg ikkje gjer så veldig mykje, for det er rett og slett veldig vanskeleg å forklare kva ein gjer som miljøarbeidar. Dagane er så ulike. Men for å prøve å svare litt på spørsmålet, skal eg no skrive opp noko som kan likne på ein vanleg dag.
Mellom 10.00 og 11.00 - kjem på kontoret
11.40 - lunch
11.40-15.15 - kontorarbeid/planlegging/henging med folk
15.15-16.00 - middag
16.00 - 16.30 - øving med band/forsongarar
18.15 - pianotime
19.00-19.30 - kvelds
19.30 - bønnemøte
20.00 - møte
21.00 - 22.00 - henging med folk i kafeén
22.00 - 00.00 - rydde litt i huset/setje på klesvask/spele guitar-hero/sosialt med personalet
Elles så er det andre ting eg kan fylle opp dagane med, som til dømes aerobic, kor, bibelgruppe, helgearrangement og generelt miljøarbeid.
Det er nok å finne på i alle fall.
Men guri kor kjekt det er!
.
1 kommentar:
Det høres bra ut det da! =)
Kjekt med fulle dager, er det ikke?
Du får henge i kafeen i dag også vettu ;)
Klem
Legg inn en kommentar