søndag 19. oktober 2008

Fint liv!

I dag har eg vore saman med Per Inge i fem månader, og det kjennest bra. Det er godt å ha ein som ein alltid kan prate med, kan prate med om alt, som forstår den teite vitsen ein kjem med (sjølv om den ikkje ein gong har poeng), som smilar til deg, som ein kan diskutere med, som ein kan få sei unnskyld til og bli møtt med ein smil, som ein kan lese i Bibelen saman med, som ein kan be saman med, som ein kan finne på mange artige ting saman med, som seier at du heller skal ta ein ekstra bit sjokolade enn å tenkje på om buksa vil passe i morgon, som ein kan spele og synge saman med, som ein kan grine med og grine til, som ein kan le seg skakk ihjel med av noko så teit som ein spesiell lyd, som ein kan kitle, som ein kan gå i butikkar og sjå etter rare ting med, som kan spørje bussjåføren om ting når ein ikkje tør sjølv, som kan betale når ein er blakk, som kan overraske deg ved å kome på besøk tidlegare enn forventa, som ein berre kan sitje og glo i veggen med, som ein kan sjå simpsons med, som ein kan henge med andre vener med, som ein kan gå på fjellet med. Lista kan bli evig lang. Men eg stoppar her.

Eg er glad i han Per Inge. Lett.

Men det er ikkje berre dette som er bra i livet. Eg trivst som miljøarbeidar òg. Det skal innrømmast at i byrjinga av året vart eg litt skremd, men så roa Gud og andre meg ned, og no er det eit herleg liv. Det er så herlege folk her, av både elevar og personale. Det er så mange som får meg til å smile, til å le. Og så er det dei eg kan ha den lange, gode drøsen saman med. Alt saman gjer dagane mine gode. Kor, lovsong, møter, aerobic, kakebaking, bibelgrupper, kafè, guitar hero, "min venn", 4 mann i sofaen, quiz. Sygna in my heart altså. Denne plassen gir meg og har gitt meg så sjukt mykje.

Og det beste av alt: Eg treng ikkje skilje Per Inge og miljøarbeidar, for det kan kombinerast så greitt som berre det! Avstandsforhold er ikkje berre fryd og gammen, men med ein kjærast som Per Inge blir det heile så mykje enklare.

Takk til Gud og alle andre. Eg er rikt velsigna!

Jesaja 43:
1 Og no, så seier Herren,
han som skapte deg, Jakob,
og laga deg, Israel:
Ver ikkje redd!
Eg har løyst deg ut
og kalla deg ved namn, du er min.
2 Går du gjennom vatn, er eg med deg,
gjennom elvar, skal dei ikkje riva deg bort.
Går du gjennom eld, skal du ikkje svi deg,
og logen skal ikkje brenna deg.
3 For eg er Herren din Gud,
Israels Heilage, din frelsar.
Eg gjev Egypt til løysepeng for deg,
Nubia og Seba i staden for deg.
4 Fordi du er dyr i mine augo,
høgt akta og elska av meg,
gjev eg menneske i staden for deg,
folkeslag for ditt liv.
5 Ver ikkje redd, for eg er med deg!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Du er jo veldig snill og grei du også da :D
Hadde jo ikke vært det samme uten deg her! :D
Klemmmer :D

Anonym sa...

Ps....
Skjekk bloggen min da ;)

Johanne Pauline sa...

Godt å lese, Astrid! Eg kjenner eg blir GLAD inni meg. You deserve the best=) Og du, nå er det snaaart 25. november!

Karen Marit sa...

så godt å høre at du har d så kjekt!!

Anonym sa...

herligherligherlig:)