torsdag 14. august 2008

Den vesle jenta i det store huset

Det er meg. Eg har no flytta inn i rektorbustaden på Sygna. Den er ikkje akkurat liten! Her kan eg boltre meg i eit stort antall kvardratmeter, og eg trivst i grunn godt med det. For å seia det sånn: Eg har plass til å ta imot besøk! Kom! Per Inge var med opp den første dagen for å sjå, og det var kjekt å ha han her. Er ganske rart å ikkje ha han rundt meg etter å ha vore med han kvar dag i 1,5 månad, men det er ein omstilling eg berre må bli van med.

Når sant skal seiast, så var det ikkje berre eg som flytta inn i rektorbustaden. Nokre dagar før eg flytta stifta eg nemleg nærare bekjentskap med "Tennplugg". Han er ein kampfisk. Eg draksa med meg både bolle, plante, sand, mat og fisken frå Knarvik og til Balestrand. Turen såg ut til å gå greitt, og det gjekk bra å få han oppi bollen igjen. Eg var godt nøgd i grunn, for no var eg i alle fall ikkje HEILT aleine i huset. Difor var sjokket stort då eg fann ein heller stiv Tennplugg med magen opp på botnen av bollen. Men Tennplugg.. Det var 4 flotte dagar saman med deg, det er sikkert og visst. Eg fekk ikkje mykje tid til å sørgje og vere aleine, for tysdag kom Karen Marit med to av brødrene sine på besøk. Kjekt å kunne ha ho her som er litt inne i gamet.

Eg er spent. Veldig spent på dette året. Men eg veit at eg har gode folk rundt meg, og eg har Gud på mitt lag, og når han er med så kan det ikkje gå gale. Be for Sygna folkens, for tenk så store under Gud kan gjere her.

5 kommentarer:

Stine Elise sa...

Dette går bra:) Eg flytter forresten til Volda på mandag for å studere musikk på høgskulen der i eitt år. Fann endeleg noko å gjer! Yes!! Prøvde å få tak i deg i går, men du er vel ganske oppteken, kan eg tenkje meg.
Kos deg vidare:)

Astrid sa...

Stine: Oisann, til VOLDA faktisk! Wow, konge! Du, eg har faktisk gløymt mobilen min i Knarvik, hehe. Fort gjort. Så viss eg hadde hatt den, så hadde eg nok både svart og ringt :) Kos deg du òg, og lykke til med flyttinga! Konge at du ikkje skal vere så langt frå Sogn.

Stine Elise sa...

Åja, det forklarer det. Nei, det er ikkje så langt unna Sogn. Har du ungdomskort i Sogn er det faktisk berre 71kr:)

Men du, ring når du får tak i telefonen:)

Solveig sa...

ja, be for sygna!! håper du får et år der du virkelig får kjenne du er til nytte- for det er en fin følelse - og noe en vokser på.
kos og klem

Arnhild sa...

Å - du har et FANTASTISK år foran deg. Misunner deg nesten litt!
Ta vare på Sygnavegen 1 da. ;)