lørdag 1. desember 2007

Welcome December!

I går var NRK her på Fjellhaug. Eg trudde eg skulle få eit par sekund på riksdekkjande tv, men den gong ei. Grunnen til at NRK var her er fordi NLM har bestemt seg for å ta avstand frå den norske kyrkja. Det har eg full forståing for, og eg vurderar å gjere det same.

For tida går det i øving til julekonserten klassen skal delta på her på Fjellhaug på torsdag. Trur det blir veldig mykje bra musikk :) Litt sliten i stemma for tida, men trur det høyrer med.

Elles fekk eg meg jobb i går, i eit take-awayfirma som heiter Spice. Der skal eg ta imot bestillingar og sende dei til kjøkenet. Stødig.

No skal eg, Vigdis, Randi og Aslaug snart gå ned til sentrum og sjå på julegrantenning og ymse anna julestemningting.

I natt vart den første julebrusen opna. Eg er veldig tilhengjer av nei-til-jul-før-1.desember-prinsippet, så i dag er første juledagen min. Eg skal setje opp ei julestake som eg kjøpte på butikken i går.

Elles går dagane sin vante gang, og Sigbjørn får dimme om 2 dagar. Endeleg :)