søndag 18. november 2007

I gang med trening igjen!

Fredag var ein herleg dag, for då leverte eg hypex-en (skinna mi) inn på legevakta. Eg er med andre ord skinnefri, og kan no både gå, hoppe og gjere andre grovmotoriske rørsler. Dette måtte sjølvsagt feiraste, og det vart feira i dag.

Då eg vakna i dag hadde eg ein uvanleg stor trang til å gå ut. Ute i dag er det tåke og litt yr, men likevel frista det veldig. Eg kledde meg opp i stillongs, joggebukse, sokkar, joggesko, superundertøy og jakke og byrja å vandre ned til t-bana. Eg måtte gå opp att etter eit par minutt, for batteriet på mp3-spelaren rauk. Samuel var snill og lånte vekk sin mp3-spelar. Eg burde kanskje sjekka kva musikk som var på den før eg gjekk ut, for der var det i alt ti 80-tallssongar på dansk. Til å byrje meg var eg litt skeptisk, det skal eg innrømme, men etter kvart vart eg faktisk van med dette spesielle musikkuttrykket.

Etter ein god tur på t-bana, var eg framme ved jogge/hunde/barnefamilieparadiset Sognsvann. Litt VEL optimistisk la eg på jogg bortover grusen, men då eg fann ut at kroppen min berre var i stand til å jogge om lag 60-70 meter, bestemte eg meg for å gå i staden for. Denne tåkete søndagen vart eg gåande bak eit gå-fantom av ein 50-åring, og eg bestemte meg for å halde følgje med han. Det klarte eg, ja, faktisk så passerte eg han til slutt. Til å vere første treningsøkt på 6 veker, var eg overmåte fornøgd. Kneet mitt funkar bra, så det blir nok fleire turar framover. Kanskje eg snart klarar å jogge meir enn 70 meter? Det hadde nok vore ein fordel.



Om lag her passerte eg eit gå-fantom av ein 50-åring. Takk for turen, sjølv om du ikkje veit kven eg er. Du var flink til å bruke armane når du gjekk, pluss at du fekk meg til å halde opp tempoet heile vegen.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Godt med såkalt "hare" når en skal prøve seg sjøl... Ellers er det alltid kjekt med telefonselgere, ihvertfall når en kjenner dei;)

Ka ønske du deg til jul? Personlig trener? Eller kan vi vente ei meir seriøs liste på sida her?

Glede meg til du komme vestover!

Ze Brosowic sa...

Haha:D Bra at du trene då. Stå på! Tenk at no har du alle sjansa i verda til å bli i knallform.

Karen Marit sa...

så bra at no e kneet bra igjen:)
stå på!!
snart suse du i væg i lynets hastighet;)