mandag 13. august 2007

Sour cream


Etter at Åshild skreiv eit innlegg i går (bør lesast forresten), fann eg ut at eg òg ville skrive litt. No går ferien mot slutten, og det er tid for å skrive litt kva eg har gjort på.

I går hadde eg mi siste vakt på gamleheimen. Eg kan ikkje forklare kor godt det er å vere ferdig, så eg gidd ikkje prøve ein gong, men letta var eg då eg kunne gå ut som ei fri jente! Skal jobbe tre dagar til på kontoret, men det går bra.

Hint til overskrifta: I dag bestilte eg Prison Break sesong 2. Venta ganske lenge på det ja! Får det i posten neste veke og gler meg stort til spenning, tårer og glede.
 

Elles i sommar har eg fått trening i å lage mat og vere aleine heime, for det har eg vore ein del. I tillegg har det gått litt pengar med på solarium, sidan sola ikkje har vist seg her på denne kanten av landet. I tillegg har eg vore turist i eige fylke med til dømes ein tur til Voss.

I dag skal eg til Bergen og feire bursdagen til Johanne saman med ho og Torgeir. Det ser eg fram til! Kan forresten nytte høvet til å gratulere ho med dagen. Gratulerer med dagen, Johanne!
No er det berre pakk, vask og reis til Oslo der eit år på Fjellhaug bibelskule ventar meg. Eg gler meg!

2 kommentarer:

Ingar T. Hauge sa...

Og jeg er ikke invitert engang?!?

Nåja, de ser meg nå stort sett hver dag her hjemme enten de vil eller ikke, så jeg klandrer dem ikke...

Siggy sa...

består Fedje av stort sett berre film og turar i marka? haha! no har eg hørt det og`=)