torsdag 23. august 2007

Arrived!

Ja, no har eg faktisk snart vore ei veke på Fjellhaug allereie, og dagane har gått fort! Eg kom hit på laurdag, og då gjekk det i koldtbord, forsangarøving, og mitt første møte i Misjonssalen som forsangar. Forsangarutfordringa likte eg veldig godt, og det var eit flott møte på alle måtar. Søndag reiste heile bibelskulen til Fangekasa leirsenter, der vi tilbrakte fire dagar i lavvo, rundt stormkjøkken, ute i naturen og med terningspel inne. Allereie frå første morgon fekk vi sjå kvarandre sine trøytte tryner, og det i seg sjølv hadde ein positiv effekt på samhaldet. Det er ein kjempegjeng eg er her med, og eg trur vi skal få eit flott år.

I dag byrja undervisning, sjølv om det enno er veldig mykje info det går i. Vi hadde to fag i dag; samspel og salmane. Sjølv om vi berre er 7 stk i musikklassen, trur eg vi skal få gjere mykje artig. I tillegg til undervisninga, skal eg ta timar i klassisk song. Det gler eg meg til!

Etter skulen i dag var vi ein heilt gjeng på IKEA, på jakt etter kommodar, sofaer, stolar osb. Vi var der vel 5 timar viss ein reknar med reisa, men det var så og sei forgjeves, for mykje var ikkje på lager, så fekk liksom ikkje kjøpt noko av det eg skulle. Etter kvart vart det litt kjedeleg å sulle rundt på det store varehuset, så vi fann ut at det var på tide å gjere noko gøy. Eg og ein annan gjekk bort i infoen og ropte opp ei i klassen over høgtalarane, og sa at ho måtte kome til informasjonen. Ho vart ganske flau, og vi andre fekk oss ein god latter.

Her er eit bilete frå den første kebaben på Fjellhaug, og den kom i kveld. Eg kan forresten informere dykk om at eg har starta på godtefri, og eg har klart meg utan problem i snart ei veke. Det er ganske utruleg til å vere meg. Lurar på kor lenge eg kjem til å klare å halde meg utan?

3 kommentarer:

Siggy sa...

5 timar på ikea utan vidare resultat er altså det som kan målbinde ei shoppinggla jente som deg? Så de har grenser de og`?

Anonym sa...

Du er i live! Det er så bra! Du er på Fjellhaug! Det er så bra! No regne det i Bergen igjen, vi har savna det i heile fire daga! Eg er i kjempeform, og livet smiler. Ikke la Ikea to knekken på deg!

Joakim sa...

halla, ja den kebaben var gooood. Ja, du må også begynne med ukebilde astrid. Det e genialt