fredag 16. februar 2007

Poesi <3

I det siste har eg blitt så glad i dikt! Har aldri hatt noko særleg interesse av det før, men no tar det heilt av. Viss eg finn ein fin setning, les eg den om att og om att. Kva kan dette kome av?

Uansett, her er nokre vakre linjer:

Olav H. Hauge:

Eit ord
- ein stein
i ei kald elv.
Ein stein til -
Eg må ha fleire steinar
skal eg koma yver.


Det er ikkje berre regnet som gjer at
stoggar under den gamle eiki
attmed vegen.


Marie Takvam:

Du må vere komen til byen!
Eg kan tydeleg sjå det.
Alle hus ligg og smiler til meg.
Dei har forstått at eg elskar deg.


Ivar Aasen:
Nei, vesle vitet rekk ikkje til.
Ei tru på stydja opp under.


Halldis Moren Vesaas:

Ord over grind:

Du går fram til mi inste grind
Og eg går fram til di
Innanfor den er kvar av oss einsam
Og det skal vi alltid bli

Aldri trenge seg lenger fram
Var lova som gjaldt oss to
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
Var møtet tillit og ro

Står du der ikkje ein dag eg kjem
Fell det meg lett å snu
Når eg har stått litt og sett mot huset
Og tenkt på at der bor du

Så lenge eg veit du vil koma i blant
Som no over knastrande grus
Og smile glad når du ser meg stå her
Skal eg ha ein heim i mitt hus

1 kommentar:

Stine Elise sa...

Hei=)
Så koseleg å høyre! Det er bra;)
Det er så mykje stress på skulen, og eg har ganske høg stress faktor(du kjenner mamma), så berre til å tenkje positivt=)
Fine dikt du hadde lagt ut.
Lenge att til ferie? Kor du skulle henne att?
klemmer