søndag 4. februar 2007

Beste 18- årsdag!

I går vart eg 18 år og kjempestor. Det var ein heilt superduper dag sjølv om den i grunn var ganske ordinær.


Her er vi i gang med å lage ein ny stamme på internatet.

Mange får lappen når dei bli 18, andre gler seg over å kunne kjøpe røyk sjølv. Eg fann ut at eg òg måtte utnytte meg av min alder, så eg bestemte meg for å bli blodgivar. Ein av dei første tinga eg gjorde var å ringe til Førde og avtale dette. Kontordama gratulerte meg med dagen, og det var ikkje måte på :)




Håkon hadde pynta seg for dagen..

Mykje av dagen elles gjekk med på å jobbe med russerevyen, og det er lenge sidan eg har ledd så mykje. Det var skikkeleg latterkrampe. Litt utpå kvelden åt eg, Karen Marit og Hege taco og slappa godt av. Utruleg herleg!


Ingalill, Janne og Runar har ulike oppfatningar av kor kjekt det er å jobbe med russerevy.

Klokka 23 byrja innebandyturnering, så vi såg litt på den. Stemninga var god. Alt i alt var det ein goooooood dag!

Ingen kommentarer: