fredag 17. november 2006

Mp3-spelar og kjole

Ja, eg kom heim i går, men i dag er første HEILE dagen heime. Dette har i grunn vore ein ganske god dag. Bestemte meg for å ha leksefri i dag, så eg har berre slaura. Sov til kl 1, åt frukost, såg ferdig Farenheit 9/11, sulla, reiste til byn og då eg kom heim var det tomt hus. Jepp, eg skal vere aleine heime heile helga! Herleg herleg. Eller, farmor er jo her då. Forresten, 9/11 var ein ganske sjuk film! Har aldri hatt noko særleg til overs for Bush, men dette tok kaka altså. Greitt nok at filmen var ganske einspora, men frå no av støttar eg utan tvil uttrykket "flush Bush". Punktum.

Godt å vite at eg har fleire dagar att av langhelga :) I morgon skal eg gjere lekser heile dagen, men det er likevel ferie!

I går kjøpte eg meg ny kjole. Eg er i grunn kjempefornøgd. I dag tidleg gjekk eg med den i mange timar for eg følte meg så fin. I tillegg hadde eg godt av å øve på å gå i høga hælar, det kan eg nemleg ikkje. For de som ikkje veit det frå før av, hadde eg ein solid tryning i garasjetrappa pga høge hælar. Men no byrjar eg å få dreisen på det!:) Men det eg skulle sei om kjolen var at Tone Damli Aaberge har kjøpt akkurat lik som min!! Ho altså, kjøper ALLTID like kjolar som meg. (Jada, litt ironisk, og mest sannsynleg var det eg som kjøpte den etter ho. Men vi må ikkje henge oss opp i bagatellar.)

Eit bilete av kjolehermaren:


Forresten har eg fått meg ny mp3-spelar! Eg reklamerte på den eg hadde før, men butikken klarte å rote den vekk, så eg eg fekk velje meg ein ny. Det var faktisk grådig mykje fram og tilbake før eg fekk den spelaren. Først var eg på Telebutikken Bystasjonen, så måtte eg gå bort på Galleriet fordi dei ikkje hadde fleire att av den eg ville ha, men så ville ikkje Galleriet gje meg noko, så eg måtte gå tilbake til bystasjonen, så vart dei sint på galleriet og sa at eg skulle gå bort på galleriet og då fekk dei fingen ut og gitt med den mp3-spelaren min. Butikkmennene på Galleriet hadde sikkert peiling på hår og kle, men dei hadde ikkje peiling på kundeservice og elektronikk. Dei på bystasjonen var derimot veldig hyggjelege, og han eine hadde veldig fin dialekt. Eg fekk i alle fall trent den dagen! Og ja, eg er veldig fornøgd med spelaren. Mykje spelar for lite pengar!

1 kommentar:

Anonymous sa...

hei:) kjempe fin kjole. hvor har du kjøpt den hen?