tirsdag 18. juli 2006

Nada

No for tida føler eg ikkje at eg har noko å skriva om her på bloggen min. Det er trass alt ferie, så det skjer ikkje så alt for mykje. Eigentleg er det lygn av meg å skriva dette her, for det har faktisk skjedd ganske mykje i det siste.
For om lag 2 (?) veker sidan var eg på Sommartreff og var leder der. Det var i grunn ganske så kjekt, så eg kan sei at eg koste meg der sjølv om det til tider var ganske slitsamt. Deretter reiste eg rett derifrå til generalforsamlinga til Norsk Luthersk Misjonssamband, populært kalla GF til NLM, mest populært kalla GF.
På GF var det masse folk, til og med masse sygnafolk, og det var grådig kjekt. Eg og Ragnhild Sofie budde på Rødde fhs (GF var i Trondheim), og med det lata vi på ein måte som om vi gjekk på Kongshaug. Vi var litt sånn wannabe-Kongshaug utan at vi ville det, og det var fordi vi måtte ta bussen med dei og sånt. Men eg trur ikkje folk hatar oss fordetom. R.S sang på tre møter og det gjekk veldig bra. Ho er så flink, ho er nesten litt kjendis, og eg er stolt av å vere venninna hennar, men det hadde eg no forresten vore uansett. Eg vart intervjua på eit av ungdomsmøta om kva det vil seie å ta Gud på alvor, og eg følte at eg klarte å få fram poenget mitt. Rart at det sat fleire tusen folk der, for eg såg berre om lag 40 folk, så det var ikkje så skummelt. Den kvelden sat eg faktisk òg backstage med SUM, og det var stas. Dei er så flinke! Dei er superflinke! Eg likar SUM :)
I dag har eg vore med Stine, noko som alltid er kjekt. Vi gjekk på lang tur i sikkert tre timar, og eg vart fekk faktisk skilje frå singleten og shortsen. Seinare i dag veit eg ikkje kva som skjer. Eg skal på jobb i morgon, så eg må nok sove vekk sumarnatta, noko som er heilt greitt sidan eg har sove så alt for lite i det siste. Eg treng å sova rett og slett.
Akkurat no kunne eg tenkt meg å reise tilbake til Sygna, berre å reise tilbake til rommet mitt der faktisk. Når vi snakkar om rom, så har eg bestemt meg om å få litt meir elektronikk/Hi-Fi på rommet mitt no til hausten. Eg har jo eit gedigent anlegg på storleik med Keiko, og no har eg kjøpt meg DVD-spelar. Berre for å nemne det er eg den første i min familie som har kjøpt seg DVD-speler, og no gler eg meg til å sjå masse filmar. Eg har nemleg ein del filmsjåing å ta att sidan eg vaks opp utan VHS eller DVD-spelar. Har eg traumar? Ikkje i det heile. Sidan eg no har eg kjøpt meg DVD- spelar har eg tenkt å få tak i ein TV, anten på søppelfyllinga (det er utruleg mange godt brukbare fjernsyn som blir dumpa der) eller i butikken. I tillegg skal eg kjøpe meg ein liten snerten 13" MacBook, kvit vel å merke, som eg trur eg kjem til å ha mykje glede av.
Eg hadde visst ein del å skrive ja.. Men no skal eg på do, så eg gidd ikkje skrive meir.

Ingen kommentarer: