onsdag 15. september 2010

Mummitroll og skøyteleidning

Først av alt: Eg er like begeistra for skoa mine som sist innlegg. Eg går med dei kvar dag, for i følgje meg passar dei til alt og til eitkvart høve. Det einaste eg ikkje kan gjere med dei er å jogge, for eg har fått tidenes beinhinnebetennelse. Men det er no ei anna historie. Poenget er at skoa var eit godt kjøp! No er pulsklokke neste ting på handlelista.

I dag har eg, Ragnhild Sofie og Arnhild dansa i stova. Lenge. Til songar frå Mummidalen. Det er mykje glede i St. Torfinns vei. Sjølvsagt triste og kjipe dagar òg, men aller mest glede. Sjølv om vi er tomme for dopapir. Og viss du skulle finne ut at du ville kome på overraskingsbesøk, så er det berre å finne det huset i Bergen som har den lengste skøyteleidninga hengande ut av eit vindauge i andre etasje. Eg har nemleg el-bilen på fôr for nokre dagar, og den må jo ha straum. No lurar du kanskje på om eg har blitt så vaksen at eg har investert i tidenes skøyteleidning. Det har eg ikkje. Eg banka på hjå naboen med den største garasjen, og han viste seg å vere ein veldig hyggjeleg mann som gjerne ville låne meg skøyteleidning. Så no har eg den, men han skal få den attende i morgon. Eg har forresten blitt ein rev på bykøyring og lukeparkering.

Sidan det har vore så fint vêr i Bergen, har eg vore på Ulriken to gongar. Første gongen tenkte eg at eg berre skulle ha meg ein liten kveldstur, men det viste jo seg at Ulriken er eit ganske høgt fjell, og turen vart absolutt ein kveldstur, for det vart mørkt då eg gjekk ned att. Men eg fekk med meg solnedgangen på toppen, og det var fint. Forresten, så har eg eit tips for deg som vil gå på fjellet, men ikkje klarar å presse deg opp i høg intensitet. Det er så enkelt som å finne seg ein mosjonist i 40-åra. Dei er ikkje på tur berre for kosen, nei. Dei er blodig seriøse, og gjer seg ikkje med det første. Dei har nemleg vore opptatt med å oppdra ungar dei siste 10 åra, men er no på veg opp att til toppform. Og sidan dei har både jobb og familie, så må treninga gå fort. Så finn deg ein 40-åring og peis på!

I kveld var på spinning for første gong sidan i sumar. For ei fantastisk kjensle det var etterpå! Adrenalin er ein artig ting. Først etter timen oppdaga eg at eg hadde fått tidenes blemmer på lilletåa. Men eg var lykkeleg der eg gjekk haltande ut frå spinningssalen.

For tida driv eg og skriv oppgåve om kroniske smerter, og korleis vi som fysioterapeutar kan hjelpe pasientane med å takle desse. Det er eit veldig spanande tema, og det er kjekt å kunne skrive om ting ein brenn for og interesserar seg for.

No skal eg for ein gongs skuld leggje meg i skapeleg tid. Håpar eg er litt meir opplagt i morgon tidleg enn eg var i dag. Wish me luck!

1 kommentar:

Anonym sa...

Excuse me all, could a person be so kind and help me out? I come here the other day by means of yahoo but now are unable to find again the post I was reading that time . And before somebody asks, no I'm not blond merely not that good with computers hehe.
Muack

I have a web site about [url=http://newmoviereleasesdvd.info/]Watch Movies Online Free[/url] and if somebody is keen on that idea I wish that they will have a look at it.